Skip to content Skip to footer

Betaling via SMS

SMS-betaling er p.t. berre aktiv for betaling av kontingent, ikkje donasjonar. Dette er på grunn av gebyrskilnadar hjå vår underleverandør og krav til Innkrevingskontrollen-rutiner ved donasjon via SMS. Dersom dykk ynskjer donasjon med SMS, ta kontakt med brukarstøtte for å registrere behovet.

Funksjonalitet og begrensninger

Betaling via SMS er en lavterskel og rask måte å betale på, og betaling er knytta direkte mot faktureløysninga i HyperSys. Løysninga legg opp til betaling av eksisterande uteståande faktura for kontingent.

Fakturatypar som støttast

Det støttast berre betaling av kontingentfaktura via SMS. Alle som har uteståande faktura, frå nyinnmeldte til tidlegare medlemar, kan bruke denne funksjonen.

Trekktidspunkt og -beløp

Beløpet blir trukke frå avsendaren sin mobilfaktura. Først ved sending av kvitteringsmelding vil beløpet bli belasta. Det kan med andre ord betalast alle slags beløp med denne løysninga – frå 1kr til 1000kr, utan behov for ulike kodeord for forskjellige beløp.

Oppsett før bruk

Oppsett av SMS-kodeord

Før innmelding kan gjerast, må det settast opp eit kodeord for innkomande SMSar. Les meir om SMS-konfigurasjon.

Merk at beløpet som skal betales ikke skal være del av underkodeordet, så f.eks bare betal eller betale.

Oppsett av underkodeord til SMS
Oppsett av underkodeord til SMS

Bruk (SMS-meldinger)

For betaling må meldinga inneholde beløp i heile kroner.

I dokumentasjonen under blir det antatt at organisasjonen har kodeordet ORG1 og at dette kodeordet er satt opp. Det blir antatt at telefonnummeret meldinga blir sendt frå ligg inne i databasen. I døma her vil namnet på nasjonalleddet vere «Organisasjon1». Det blir antatt at underkodeordet BETAL er satt opp, men underkodeordet/-ene kan vere det som er ynskjeleg.

Døme 1 – betaling av 50kr via SMS – betalinga går gjennom

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 BETAL 50»
Resultat:

  1. Systemet sjekker om personen med telefonnummer 999 99 999 har ein uteståande faktura på 50kr
  2. Systemet sender svarmelding. Denne svarmeldinga kostar 50kr for mottakar.
  3. Når det er bekrefta frå mobilleverandør, får personen bekreftelse.

Svarmelding 1, trekk: «Betalinga di er under handsaming, du vil få melding når den er fullførd.»
Svarmelding 2, bekreftelse på betaling: «Betalinga di er motteken, du kan handsame medlemskapet ditt på https://org1.hypersys.no med passordet du har motteke på epost.»

Døme 2 – betaling av 50kr via SMS – betalinga feilar

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 BETAL 50»
Resultat:

  1. Systemet sjekker om personen med telefonnummer 999 99 999 har ein uteståande faktura på 50kr
  2. Systemet sender svarmelding. Denne svarmeldinga kostar 50kr for mottakar.
  3. Telefonoperatøren svarar med feilmelding.
  4. Personen får beskjed om at betaling feila.

Svarmelding 1, trekk: «Betalinga di er under handsaming, du vil få melding når den er fullførd.»
Svarmelding 2, info om feila betaling: « SMS-betaling var ikkje mogleg. Dette kan vere fordi du har kontantkort utan dekning, eller at abonnementet ditt er blokkert frå å ta imot overprisa meldingar.»

Moglege svar på SMS

  • Dersom telefonnummeret ikkje er registrert på ein brukar: «Fann ingen brukarar med dette telefonnummeret.»
  • Dersom telefonnummeret er registrert på fleire brukarar: «Det finst fleire medlemmar med dette telefonnummeret.»
  • Dersom det ikkje er kontingentar satt opp eller alt ikkje er aktivt: «Organisasjon1 er ikke åpen for innmelding via SMS.»
  • Dersom avsendar av meldinga allerede har betalt kontingent for året, eller betalar sum som ikkje stemmer med kontingent, : «Ingen uteståande fakturaer på beløpet 50kr.»
  • Dersom beløpet ikkje er eit heilt tal: «49.90 er ikkje eit gyldig beløp.»
  • Dersom meldinga ikkje inneheld eit beløp: «Ingen sum for betaling definert.»

Oppfølging

Alle SMS knytta til denne funksjonaliteten vil dukke opp i SMS-dialogen.

Det er ikkje lagt inn nokre innspel endå

Legg til innspel

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *