Skip to content Skip to footer

Innmelding via SMS

Innmelding via SMS er ein av dei meist effektive måtane å rekruttere medlemar på, då det ikkje krevast internett, PC eller noko anna enn ein mobiltelefon.

HyperSys skiller mellom innmelding og betaling av SMS. Alle som ynskjer, og personar som har vore medlem over lengre tid, kan betale via SMS. Merk difor at det å sende SMS med innmelding ikkje kostar pengar – det er først når eventuell betaling via SMS skjer at det vil bli belasta pengar.

I dokumentasjonen under blir det antatt at organisasjonen har kodeordet ORG1 og at dette kodeordet er satt opp med standardhandling innmelding. Det blir antatt at telefonnummeret meldinga blir sendt frå ikkje ligg inne i databasen. I døma her vil namnet på nasjonalleddet vere «Organisasjon1».

Funksjonalitet og begrensninger

Løysninga legg opp til brukaroppretting og innmelding via SMS. Det er i skrivande stund ikkje lagt opp til automatisk henting av adresse på personen som melder seg inn via SMS, då adresse som er tilgjengeleg hentast frå telefonkatalogen og automatisk henting av adresse vil ofte gje feil resultat grunna til dømes at foresette er registrert som eigar/betalar av abonnementet, studentar som brukar anna adresse enn dei faktisk bur på, abonnement kor arbeidsgjevar betalar for bruken, brukarar som har reservert seg mot telefonkatalogoppslag og meir.

Plassering av person, dersom mobilnummeret er nytt i databasen

Om personen som melder seg inn er heilt ny, vil ikkje systemet ha ei adresse på personen. Medlemskapet vil difor bli knytta til nasjonalleddet. Unntaket frå dette er dersom det under automatisk tilordning i Oppsett av kontingent er aktivert ein alternativ standardorganisasjon.

Plassering av person, dersom mobilnummeret finst i databasen

Dersom personen allereie finst i HyperSys med samme telefonnummer og den eksisterande personen har adresse, vil medlemskapet bli oppretta basert på oppsett av automatisk tilordning i Oppsett av kontingent.

Oppsett før bruk

Oppsett av SMS-kodeord

Før innmelding kan gjerast, må det settast opp eit kodeord for innkomande SMSar. Les meir om SMS-konfigurasjon.

Oppsett av underkodeord til SMS
Oppsett av underkodeord til SMS

Oppsett av kontingenter

Det må passast på at berre ein kontingenttype er aktiv for SMS-innmelding via kontingentoppsettet i Medlemskapkonfigurasjon. Dette visast ved at ein kontingent har blå (aktiv) mobiltelefon medan alle andre er grå.

Bruk (SMS-meldinger)

For innmelding må meldinga inneholde namn og e-postadresse. Eventuell tekst etter e-postadresse vil bli lagra som kommentar på profilen til personen.

Døme på innmelding, 1 – ukjend mobilnummer og berre minimum av info på SMS

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected]»
Resultat:

  1. Det bli lagt til ein ny person med namnet «Ola Nordmann» og e-postadressa [email protected]
  2. Personen vil ikkje ha registrert gateadresse eller fødselsdato, då denne informasjonen ikkje er registrert.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år.

Svarmelding: «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organiasjon1 har blitt registrert.»

Døme på innmelding, 2 – ukjend mobilnummer og litt ekstra informasjon på SMS

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected] Smalgåshagen 2, 3120 Sandefjord. Verva av Stian i Fredrikstad.»
Resultat:

  1. Det bli lagt til ein ny person med namnet «Ola Nordmann» og e-postadressa [email protected]
  2. Personen vil ikkje ha registrert gateadresse eller fødselsdato, då denne informasjonen ikkje er registrert.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år.
  4. Det blir lagt til ein kommentar på profilen til personen med «Smalgåshagen 2, 3120 Sandefjord. Verva av Stian i Fredrikstad.» slik at denne informasjonen kan kontrollerast og leggjast inn.

Svarmelding: «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organiasjon1 har blitt registrert.»

Døme på innmelding, 3 – mobilnummer tilhøyrer person utan medlemskap akkurat no

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected]»
Resultat:

  1. Systemet vil søkje opp personen som har mobilnummeret som er avsendar.
  2. Personalia vil ikkje bli oppdatert.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år.
  4. Dersom automatisk tilordning basert på geografi er aktiv: Medlemskapen knyttast til rett lokallag.

Svarmelding: «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organiasjon1 har blitt registrert.»

Det er alltid personen som skal melde seg inn som sender meldinga, då avsendar av meldinga blir brukt som bakgrunn for nytt medlemskap. Til dømes, blir meldinga sendt frå 999 99 999 og dette nummeret allereie er i bruk hjå anna medlem, vil det ikkje kunne bli oppretta eit nytt medlem.

Moglege svar på SMS

  • Dersom det ikkje er e-postadresse i meldinga: «Vi fant ikke en gyldig epostadresse i meldingen din.»
  • Dersom det ikkje er kontingentar satt opp eller alt ikkje er aktivt: «Organisasjon1 er ikke åpen for innmelding via SMS.»
  • Dersom avsendar av melding allereie har medlemskap inneverande år: «Ola Nordmann er allerede regsitrert som medlem av Organisasjon1»

Oppfølging

Alle SMS knytta til denne funksjonaliteten vil dukke opp i SMS-dialogen.

Det er ikkje lagt inn nokre innspel endå

Legg til innspel

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *