Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Innmelding og betaling via SMS

I dokumentasjonen under blir det antatt at organisasjonen har kodeordet ORG1 og at dette kodeordet er satt opp. I døma her vil namnet på nasjonalleddet vere «Organisasjon1». Det blir antatt at underkodeordet BETAL er satt opp, men underkodeordet/-ene kan vere det som er ynskjeleg.
Eksisterande medlemer skal IKKJE bruke “meld inn og betal”, dei skal bruke betal.

HyperSys sine SMS løysingar gjer det mogleg å både melde seg inn og betale medlemskontingent via SMS. Dette er det mogleg å gjere samstundes når eit nytt medlem melder seg inn eller hver for seg, dersom man til dømes skal fornye medlemskapet eller ynskjer å betala via en annen betalingsmåte når du melder deg inn. Innmelding og betaling via SMS er ein samansetjing av to funksjonar som kan brukast kvar for seg. Når disse brukes samstundes gjennomføres først løysinga til brukaroppretting og innmelding via SMS. Dersom det gjekk fint, trekker den penger for uteståande faktura for kontingent. 

Innmelding via SMS

Løysinga legg opp til brukaroppretting og innmelding via SMS. Det er i skrivande stund ikkje lagt opp til automatisk henting av adresse på personen som melder seg inn via SMS, då adresse som er tilgjengeleg hentast frå telefonkatalogen og automatisk henting av adresse vil ofte gje feil resultat grunna til dømes at foresette er registrert som eigar/betalar av abonnementet, studentar som brukar anna adresse enn dei faktisk bur på, abonnement kor arbeidsgjevar betalar for bruken, brukarar som har reservert seg mot telefonkatalogoppslag og meir.

Betaling av faktura

Betaling via SMS er en lavterskel og rask måte å betale på, og betaling er knytta direkte mot faktureløysninga i HyperSys. Løysinga legg opp til betaling av eksisterande uteståande faktura for kontingent. Det er ikkje mulig å benytte seg av denne funksjonen for donasjonar. Beløpet blir trukke frå avsendaren sin mobilfaktura. Først ved sending av kvitteringsmelding vil beløpet bli belasta. Det kan med andre ord betalast alle slags beløp med denne løysinga – frå 1 kr til 1000 kr, utan behov for ulike kodeord for forskjellige beløp.

Oppsett før bruk

Oppsett av SMS-kodeord

Før innmelding kan gjerast, må det settast opp eit kodeord for innkomande SMSar. Les meir om SMS-konfigurasjon.

Innmelding via SMS

For innmelding må meldinga inneholde namn og e-postadresse. Eventuell tekst etter e-postadresse vil bli lagra som kommentar på profilen til personen.

Døme på innmelding, 1 – ukjend mobilnummer og berre minimum av info på SMS


Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 2030
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected]»
Resultat:

  1. Det bli lagt til ein ny person med namnet «Ola Nordmann» og e-postadressa [email protected].
  2. Personen vil ikkje ha registrert gateadresse eller fødselsdato, då denne informasjonen ikkje oppgitt.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år.
  4. Svarmelding: «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organiasjon1 har blitt registrert.»

Døme på innmelding, 2 – ukjend mobilnummer og litt ekstra informasjon på SMS

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 2030
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected] Smalgåshagen 2, 3120 Sandefjord. Verva av Stian i Fredrikstad.»
Resultat:

  1. Det bli lagt til ein ny person med namnet «Ola Nordmann» og e-postadressa [email protected].
  2. Personen vil ikkje ha registrert gateadresse eller fødselsdato, då denne informasjonen ikkje kan bli registrert.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år.
  4. Det blir lagt til ein kommentar på profilen til personen med «Smalgåshagen 2, 3120 Sandefjord. Verva av Stian i Fredrikstad.» slik at denne informasjonen kan kontrollerast og leggjast inn.
  5. Svarmelding: «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organiasjon1 har blitt registrert.»

Betaling av kontingent

Døme 1 – betaling av 50kr via SMS – betalinga går gjennom

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 2030
Melding: «ORG1 BETAL 50»
Resultat:

  1. Systemet sjekker om personen med telefonnummer 999 99 999 har ein uteståande faktura på 50kr
  2. Systemet sender svarmelding. Denne svarmeldinga kostar 50kr for mottakar.
  3. Når det er bekrefta frå mobilleverandør, får personen bekreftelse.

Svarmeldinger underveis: 

  1. Trekk: «Betalinga di er under handsaming, du vil få melding når den er fullførd.»
  2. Bekreftelse på betaling: «Betalinga di er motteken, du kan handsame medlemskapet ditt på https://org1.hypersys.no med passordet du har motteke på epost.»

Døme 2 – betaling av 50kr via SMS – betalinga feilar

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 2030
Melding: «ORG1 BETAL 50»
Resultat:

  1. Systemet sjekker om personen med telefonnummer 999 99 999 har ein uteståande faktura på 50kr
  2. Systemet sender svarmelding. Denne svarmeldinga kostar 50kr for mottakar.
  3. Telefonoperatøren svarar med feilmelding.
  4. Personen får beskjed om at betaling feila.

Svarmeldinger underveis: 

  1. Trekk: «Betalinga di er under handsaming, du vil få melding når den er fullførd.»
  2. Info om feila betaling: « SMS-betaling var ikkje mogleg. Dette kan vere fordi du har kontantkort utan dekning, eller at abonnementet ditt er blokkert frå å ta imot overprisa meldingar.»

Innmelding og betaling

Døme 1 – innmelding via SMS med kontingent – innmelding går gjennom og vert betalt

Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 2030
Melding: «ORG1 Ola Nordmann [email protected]»
Resultat:

  1. Det bli lagt til ein ny person med namnet «Ola Nordmann» og e-postadressa [email protected].
  2. Personen vil ikkje ha registrert gateadresse eller fødselsdato, då denne informasjonen ikkje er registrert.
  3. Personen vil få eit medlemskap i inneverande år og blir trukket penger.

Svarmeldinger underveis: 

  1. «Takk for din støtte! Ditt medlemskap i Organisasjon1 har blitt registrert.»
  2. Trekk: «Betalinga di er under handsaming, du vil få melding når den er fullførd.»
  3. Bekreftelse på betaling: «Betalinga di er motteken, du kan handsame medlemskapet ditt på https://org1.hypersys.no med passordet du har motteke på epost.»

Moglege svar på SMS

  • Dersom det ikkje er e-postadresse i meldinga: «Vi fant ikke en gyldig epostadresse i meldingen din.»
  • Dersom det ikkje er kontingentar satt opp eller alt ikkje er aktivt: «Organisasjon1 er ikke åpen for innmelding via SMS.»
  • Dersom avsendar av melding allereie har medlemskap inneverande år: «Ola Nordmann er allerede regsitrert som medlem av Organisasjon1»
  • Dersom telefonnummeret ikkje er registrert på ein brukar: «Fann ingen brukarar med dette telefonnummeret.»
  • Dersom telefonnummeret er registrert på fleire brukarar: «Det finst fleire medlemmar med dette telefonnummeret.»
  • Dersom det ikkje er kontingentar satt opp eller alt ikkje er aktivt: «Organisasjon1 er ikke åpen for innmelding via SMS.»
  • Dersom avsendar av meldinga allerede har betalt kontingent for året, eller betalar sum som ikkje stemmer med kontingent, : «Ingen uteståande fakturaer på beløpet 50kr.»
  • Dersom beløpet ikkje er eit heilt tal: «49.90 er ikkje eit gyldig beløp.»
  • Dersom meldinga ikkje inneheld eit beløp: «Ingen sum for betaling definert.»

Oppfølging

Alle SMS knytta til denne funksjonaliteten vil dukke opp i SMS-dialogen.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *