Oppdatere fødselsdato via SMS
Funksjonalitet og begrensninger
Løysninga gjer det mogleg å endre registrert fødselsdato til ein person i HyperSys. Løysninga kan brukast av alle som har registrert mobiltelefonnummer med unntak av superbrukarar som av hensyn til tryggleik ikkje kan bruke denne funksjonen.
Merk at medlemskap blir ikkje påvirka av denne funksjonen.
Datoformat
Dato må skrivast på norsk skrivemåte (DD.MM.ÅÅÅÅ) eller internasjonal skrivemåte ÅÅÅÅ-MM-DD kor ÅÅÅÅ=år med fire siffer, MM=månad med to siffer og DD=dag med to siffer.
Oppsett før bruk
Oppsett av SMS-kodeord
Før funksjonen kan brukast, må det settast opp eit kodeord for innkomande SMSar og eit underkodeord for oppdatering av fødselsdato. Les meir om SMS-konfigurasjon.

Bruk (SMS-meldinger)
Døme 1 – mobilnummer tilhøyrer person i systemet
Avsendar: (+47) 999 99 999
Mottakar: 1938
Melding: «ORG1 FODT 09.10.1998»
Resultat: Fødselsdato blir satt til 9. oktober 1998.
Svarmelding: «Takk! Fødselsdatoen din ble satt til 09.10.1998»
Oppfølging
Alle SMS knytta til denne funksjonaliteten vil dukke opp i SMS-dialogen.