Skip to content Skip to footer

SPF-oppsett for HyperSys

Kva er SPF

SPF er ein teknologi kor eigarar av eit domene kan erklære for internett kven som får lov å sende e-post for dei. Dersom eit domene ikkje har satt opp SPF vil ein e-post lettare bli rekna som søppelpost og ikkje hamne i innboksa, sidan e-postsystem som Gmail og liknande ikkje har ein måte å vite på om e-posten faktisk kjem frå organisasjonen. På andre sida, dersom SPF er satt opp men HyperSys ikkje er lista, vil e-post som vi sender nesten alltid bli rekna som søppelpost.

Har organisasjonen vår SPF i dag?

Det finst mange måtar å sjekke dette på, til dømes med eit nettverktøy som EmailStuff. Skriv her inn domenet (t.d. for HyperSys.no, er det hypersys.no som skal skrivast inn). Dersom SPF ikkje er satt opp, får du ei gul boks med feilmelding, som den boksa under.


Døme på domene utan SPF

Vi har med vilje latt domenet vårt org1.no vere utan SPF, og du kan sjå dette her:spf.no-sjekk av org1.no. Her ser du at det kjem ei gul boks med feilmeldinga «No SPF records found for org1.no». Dette betyr at domenet ikkje har noko SPF-oppsett. E-postar som HyperSys sender vil ikkje automatisk blir rekna som søppelpost, men det skal ikkje mykje til for at meldingane ikkje hamnar i innboksa.

Anbefalning: Legg til SPF. Sjå lengre nede på sida for detaljar.

Døme på domene med SPF aktivert

Med domenet organisasjonen.no har vi satt opp SPF som viser «HyperSys». Dersom du har SPF aktivt (med andre ord, du får ikkje den gule varselboksa som vist ovanfor), må du sjekke at lista inneheld hypersys.

Sjå denne testen: spf-sjekk av organisasjonen.no.

Korleis leggje til SPF

Å endre SPF vil bety å endre DNS-oppsettet, og gjerast ofte i kontrollpanel til dei som leverer nettsidetenester eller domenetenester.  Kort fortalt må du kontakte dykkar domeneleverandør. Dette kan vere alt frå dei som driftar nettsida dykkar til eit domenefirma som domeneshop, fastname osv. Dersom du driftar dette sjølv må du logge inn på kontrollpanelet for domenet dykkar og redigere DNS. Du vil måtte leggje til ei TXT-linje. Dømer finn du under.

Treng du hjelp? Vår brukarstøtte og tekniske stab kan gjerne hjelpe til med å kartleggje korleis ein SPF-regel bør sjå ut, og korleis å gå fram for å endre dette. Merk at tid medgått til endring av SPF og tilknytta er utanfor avtalen, og vil bli fakturert.

Enkel SPF-regel som inkluderer berre HyperSys (dersom ingen andre enn HyperSys sender e-post frå domenet):
«v=spf1 include:spf.hypersys.no -all»

SPF-regel som og inkluderer maskinen/maskinane som har e-post for domenet:
«v=spf1 mx include:spf.hypersys.no -all»

Enkel/permissiv (~all) eller strict/hard (-all)?

Vi tilbyr to include-alternativ; enkel eller strict. Med enkel er det brukt sokalla soft bounce medan i strict er det hard bounce. Vi anbefalar i utgangspunktet alle å bruke strict.

  • spf.hypersys.no: streng versjon, anbefalt (-all)
  • _sloppyspf.hypersys.no: enkel versjon, ikkje lengre anbefalt (~all)

Andre tenester å ta med

Hugs å undersøk andre tenester som er brukt for å sende e-post frå domenet dykkar. Vanlege tenester er:

  • E-postsystem og samhandling
    • Gsuite (Google apps): _spf.google.com
    • Office 365 (NB! Ikkje Exchange Online dedikerte maskiner): spf.protection.outlook.com
  • Masse-epost
  • Fakturasystem (Visma Online og Conta, begge har endra infrastruktur og har ikkje i skrivande stund) publisert SPF-regler
  • Maskina som leverer nettsider for dykk (om dykk har e-postskjema)
  • E-postsystemet som mottek  e-post for dykk (løysast med å ha mx i starten, sjå døme ovanfor).

Andre ting å merke seg

  • Kvart domene kan berre ha ein SPF-regel. Dersom dykk allereie har ein SPF-regel, må det innarbeidast t.d. «include:spf.hypersys.no».
  • Det kan vere fornuftig å ikkje bruke -all på slutten med ein gang, men heller ~all i ein overgangsfase på ein månad eller to. Les dokumentasjonen av SPF for meir informasjon.

Det er ikkje lagt inn nokre innspel endå

Legg til innspel

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *