Skip to content Skip to footer

TLS – kryptert transport av e-post

TLS er ein teknologi som sikrar at e-post som sendast frå ei maskin til ei anna maskin ikkje kan lesast av andre imellom, då kommunikasjonen (transporten) er kryptert. Sjølve e-posten er ikkje kryptert.

TLS er aktivert for all e-post frå Hypersys.

TLS og HyperSys

Unicornis, leverandøren av HyperSys, skal i løpet av sommaren 2018 oppdatere oppsett i e-postinfrastrukturen til å bruke TLS for at all e-post som sendast frå HyperSys som skal bli levert til ein e-postleverandør som støttar det, blir overført kryptert. Til dømes, dersom ein person har e-postadresse [email protected], vil e-postsystemet til HyperSys kontakte gmail.com for å sjå om e-post kan sendast kryptert. Dersom gmail.com støttar kryptert kommunikasjon, vil det bli overført kryptet.

Må vi gjere noko for å aktivere TLS?

Nei, dette er oppsett som gjerast på vegne av alle kundar.

Fordelar med TLS

Med TLS blir kommunikasjonen mellom HyperSys» maskinpark og mottakar sin maskinpark vere kryptert dersom det er støtta av den andre enden. Ein annan fordel er at e-postar som blir levert kryptert til mottakar vil av mange e-postsystem som Gmail, Hotmail og liknande vere mindre sannsynleg å bli rekna som søppelpost.

Ulemper med TLS

Det er ingen kjende ulemper med å bruke TLS.

E-post vil ikkje ligge kryptert i innboks

Det er viktig å understreke at det er frakta av e-posten frå ein tenar hjå Unicornis til ein tenar hjå e-postleverandøren til mottakar som vil vere kryptert. Sjølve e-postmeldinga i seg sjølv vil, når den er ferdig levert til mottakaren sin e-posttenar, ligge ukryptert.

Andre kryptografiske tiltak

Vi anbefaler alle kundar å ta i bruk DKIM på domenet sitt. Med DKIM kan det bli lagt til ein kryptert e-postsignatur som stadfestar at HyperSys har lov å sende e-post for domenet, og at det er HyperSys som har sendt e-posten. Les meir om DKIM-oppsett i HyperSys her.

Det er ikkje lagt inn nokre innspel endå

Legg til innspel

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *