Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Korleis finn HyperSys EHF-mottakar

Om det ikkje er lagra frå før av, vil HyperSys kvar natt søke opp om medlemar og aktørar som har organisasjonsnummer registrert finst i Peppol-registeret. Dersom dei er der, får HyperSys ei direkteadresse som blir brukt for å sende EHF-faktura på.

I nesten alle tilfelle vil faktura då bli sendt rett frå HyperSys direkte inn i rekneskapsystemet til medlemsbedrifta/-organisasjonen, og dukkar opp der innan neste arbeidsdag. Dei fleste rekneskapsystem vil då la mottakaren bokføre og sende til nettbank med få klikk, og visse system som t.d. Fiken let ein til og med sette opp automagi-reglar som neste gong berre “køyrer gjennom” betalinga utan å spørje.

Les meir hjå Anskaffelser.no eller Søk direkte i Peppol-registeret (tidlegare Elma-registeret)