Eg får ikkje laga fakturabunt
Når du skal sende ut purring på medlemskontingent via fakturaverktøyet kan du få opp ei feilmelding som dette om at ein ikkje kan opprette bunt beståande av fakturaer som er sendt før, og fakturaer som aldri er sendt før. Grunnen til at ein ikkje kan blande desse skuldast juridiske krav.

For å unngå dette kan du klikke på Alle fakturaer frå …, for å få opp ei liste med førehandsdefinerte filtre.

Vel deretter “Fakturaer klare for sending” om du skal sende ut fakturaer du aldri har sendt før (typisk for hovudforfall, kontingentutsending), eller “Forfalte fakturaer” om du skal sende ut betalingspåminning eller purring.
Du kan lese meir om fakturautsending her.