Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Betalingstransaksjonen har høyere beløp enn på FBO

Denne meldinga kjem typisk i rapporten L00202 levert av Nets (tidl. BBS) rett etter forsøk på AvtaleGiro-trekk. Feilmeldinga betyr rett at banken kor eit trekk er forsøkt gjort har avvist trekket då eigaren av bankkontoen har satt opp ei lågare maksgrense på AvtaleGiro-avtalen. Trekket vil ikkje bli gjort, og det blir heller ikkje forsøkt å gjere eit nytt trekk. Det er nesten garantert at framtidige trekk på samme beløp blir avvist. Det er to måtar å korrigere på; 1) kontoeigaren aukar grensa på AvtaleGiro-avtalen. Dette gjerast ofte rett i nettbanken, og er noko kontoeigar må gjere sjølv. 2) reduser trekkbeløpet for neste køyring.