Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Veit HyperSys om bydelar?

Ja og nei. Nokre få byar (Bergen, Stavanger, Trondheim, Drammen og Oslo) i Noreg har og brukar bydelar administrativt. For nokre av desse, som Oslo, har HyperSys lagt inn adresse-fordelinga så godt som mogleg, og ein kan bruke dette for til dømes automatisk tilordning av lokallag. Merk at dette er ei delvis løysning som oftest fungerar. Det er ikkje noko offentleg datasett tilgjengeleg over bydelar, og nokre postnummer tilhøyrer fleire bydelar samstundes. Vi baserer oss på lister frå Erik Bolstad, som igjen er basert på folkedugnaden til Yr. Dette er den meist “autorative” inndelinga som er tilgjengeleg då korkje Posten, Oslo kommune, SSB, DIFI eller Kartverket gjev ut lister på denne informasjonen. Då det er båe hôl og feil i desse listene, kan vi ikkje ta ansvar for at bydelstildeling alltid vil fungere, og det vil vere nokre personar som manuelt må flyttast på, til dømes for postnummer som krysser bydelar.

 

NB! Merk at då det er ganske arbeidsintensivt å oppdatere desse dataene, gjer vi det normalt sett kvart andre år. Det kan difor hende at det er feil i tildelinga i HyperSys sjølv om listene vi baserer oss på er oppdaterte.