Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Skal eg leggje ved persondata i e-postar til brukarstøtte?

Nei, du bør ikkje legge ved personidentifiserande informasjon. Det er til dømes namn, e-post, telefonnummer, fødselsdato, bosted osv. Dersom du har spørsmål om ein spesifikk aktør, eller Unicornis har bede deg om spesifikke døme, vil vi tilrå å bruke aktørnummeret, også kjent som medlemsnummer eller brukar-ID. Det gjer det òg lettare for Unicornis å vite akkurat kven det gjeld. Brukar du familiemodulen og skal referere til ein heil familie, kan du bruke familie-IDen, for å ikkje bruke etternamnet og så vidare.

Grunnen til at vi berre vil ha aktørnummer, er for å ivareta datatryggleik og personvern og for å sørgje for at de ikkje lekker persondata over e-post.