Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Kan medlemmar vite frå før av at dei er medlem ved innmelding?

Det korte svaret er nei, på grunn av personvern (GDPR).

Når ein fyller ut innmeldingsskjema så er ikkje det mogleg for HyperSys å vite om du faktisk er den personen, og vi kan ikkje ha ulik flyt basert på om du finst i databasen eller ikkje – det ville då vore ein måte å sjekke om ein person allereie er medlem på, som er problematisk med tanke på personvern.

Det er to unntak til dette; Den eine er om personen nyttar ekspressinnmelding med Vipps, då vi får personalia frå Vipps kor personen har autentisert og vi veit at det er den personen.

Det andre unntaket er om du er logga inn og har verv og legg til person frå HyperSys direkte eller med bruk av vervemodulen (t.d. gateverving). Du er då innlogga innlogga og autentisert i HyperSys og vi kan logge dette søket.