Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Hvordan integreres HyperSys med regnskapet?

Prinsippet for integrasjon med rekneskap er at ein hentar ut eit samlebilag per månad som gir oppsummering av betalingar. Det er bilag tilgjengeleg for å avstemme kontoar (betalingsrapport), som gir oppsummering per bankkonto kor mykje som er kome inn og kor mykje som er brukt på medlemskap, donasjon og liknande.

HyperSys baserer seg òg på kontantprinsippet – at ein fører eit månadleg bilag over innbetalingar framfor å føre alle faktura som uteståande på balansen. Årsaken til dette er eit aktivt val om å ikkje blåse opp balansen med mange kontingentkrav som aldri kjem til å bli betalt (dei er ikkje juridisk innkrevbare, og bør difor ikkje reknast som del av balansen).

Denne metoden gjer at ein slepp å føre enkelt-faktura og enkelt-betaling i rekneskapen – som forenklar arbeidet med personvern då ein slepp å kontinuerleg anonymisere data i rekneskapen og i medlemsregisteret.