Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Hvordan kobler HyperSys betaling til faktura

Denne FAQen er basert på at automatisk betalingsregistrering er aktivert, slik at HyperSys kvar dag får beskjed om betalingar som er kome inn på bankkonto (OCR).

Bankbetaling med OCR (KID)

Om eit KID-nummer er registrert på eit medlem, vil HyperSys sjå etter faktura som kan vere aktuelle å bruke betalinga på. Ein rekke med logiske sjekkar blir køyrd her som til dømes: “Vi har betaling på 50kr den 3. februar. Har denne medlemen ein faktura på 50kr som er utstedt samme år som denne betalinga har skjedd på?”. Om dette feilar vil ein sjekke om det er faktura med uteståande beløp på 50kr utstedt same år som betalinga har skjedd. Om dette òg feilar, vil HyperSys la betalinga vere kopla til personen men flagga til manuell gjennomgang via Betalinger. Denne logikken er òg for betalingar som er kome inn frå eFaktura frå nettbank eller Vipps-app, sidan det eigentleg er ei bankbetaling med KID-nummer.

Vipps på Nett

For at det skal kome ei betaling med Vipps på Nett, må den vere forespurt av HyperSys innanfor ti minutt, dette er eit teknisk krav frå Vipps som ikkje er mogleg å omgå. Med andre ord vil HyperSys ha all informasjon som trengs for å kople, og det er ikkje mogleg for betalinga å ikkje bli automagisk handsama.

Vipps-nummer (Vipps klassisk)

Desse kan ikkje koplast automatisk sidan det ikkje er noko unik informasjon som følgjer med. Dei må handterast manuelt. Vi tilrår å ikkje bruke Vipps-nummer.