Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Korleis er purring på eFaktura?

Når HyperSys sender purrerunde (t.d. via masse-faktureringverktøyet) blir dette eFaktura-purring, som dukkar opp med tekst ala “Påminnelse” i Vipps-appen samt i nettbanken (bankar vil vise dette på ulik måte).

Dersom ein person har fått fakturaen som eFaktura tidlegare og ikkje sletta denne i nettbanken eller i Vipps-appen, vil den originale fakturaen òg vere der, den vil ikkje automatisk forsvinne.

Vi har vore i kontakt med MPS/Nets (dei som styrer eFaktura i Noreg), og dei seier at moglegheit for å trekke tilbake faktura sendt på eFaktura vil kome “tidligst i 2025”. Det er difor ein risiko for at personar kan dobbeltbetale kontingent om dei betalar purring, ikkje har sletta den originale fakturaen og så om nokre veker loggar inn i nettbanken – dei vil då kunne sjå den originale fakturaen om dei ikkje har sletta den.

Erfaring frå MPS/Nets er dog at andelen som betalar dobbelt etter purring er ekstremt låg – vår førespurnad om å slette eFaktura ved purring var første gong dei nokon gong har fått spørsmål om det.

Ved oppretting av fakturabunt i masse-faktureringverktøyet får du varsel om det er relevant, og kan velje å hoppe over eFaktura-purring. Dei som elles skulle fått på eFaktura vil då bli sortert til andre sendemåtar som e-post eller brev, men det vil ha innverknad på alle som er sortert til eFaktura.

Kor stort omfang er det?

Det er usikkert kor mange som mottek faktura på eFaktura, ikkje prøver å betale og ikkje sletter det, for så å få purring.