Kven er Unicornis Drift?
Unicornis Drift er ein driftsbrukar/systembrukar, og må vere ein aktør i dykkar HyperSys. Brukaren eksisterer på grunn av at nokon i Unicornis (som regel brukarstøtte) nokon få gonger må logge inn i databasen dykkar for å teste, feilsøke eller gjere ting. Nokon gonger har denne brukaren ein medlemskap i samband med dette, men det er ekstremt sjeldan at denne medlemskapen skal eller trengjer å vere betalt.
Alle innloggingar til kundedatabaser blir loggført og grunngjeve (som regel med eit saksnummer el.) og krev tofaktorautentisering.
Merk at de ikkje kan gjere endringar på driftsbrukarar/systembrukarar som Unicornis Drift.