Skip to content Skip to footer

Vipps-betalinger

Denne siden er til oppdatering og endringer kan forekomme.

Vipps er eit firma som leverer fleire ulike betalingsalternativ, som for sluttbrukar berre oppfattast som «Vipps», men eigentleg oppfører seg på veldig ulike måter.

Vipps-nummer («klassisk Vipps»)

Denne tenesta er det mange tenker på som «Vipps», og består av å kunne sende pengar til ein person ved å skrive inn telefonnummeret til personen, eller til ein organiassjon sitt Vipps-nummer. Betalar brukar Vipps-appen og kan skrive inn beløp og melding. Organisasjonen betalar eit gebyr for kvar betaling dei mottek via Vipps-nummer. Les meir

Vipps eFaktura

Vipps eFaktura er ein måte å sende ut faktura på, og ikkje betalingsmåte. Ved bruk av Vipps eFaktura vil HyperSys først finne ut kven av mottakarane som har aktivert Vipps-betaling med sitt mobilnummer, og så forsøke å sende fakturaen dit. Fakturaen vil dukke opp i Vipps-appen og i personen sin nettbank. Merk at innbetaling skjer via bankoverføring sidan det eigentleg er eFaktura, som òg dukkar opp i Vipps-appen. Les meir

Vipps på Nett

Vipps på Nett er sentral betalingsteneste i HyperSys som er fullautomatisert. Når aktivert vil nye medlemar få opp Vipps-betaling som eit alternativ, og betalar der og då med Vipps-appen. Betaling blir òg registrert automagisk i medlemsregisteret, og det er ikkje behov for å knytte opp betalingar manuelt. Les meir

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *