Arrangement
Arrangementsprofilen i HyperSys gjer at medlemmar enkelt kan melde seg på arrangement, og kan brukast til alt frå enkle medlemsmøte til årsmøte med tusenvis av deltakarar.
Kvart arrangement har ei eiga profilside, og er bygd opp likt som brukarprofil og organisasjonsprofil. På denne sida finn du alt du trengjer å vite om arrangementet.
Kor finn eg arrangement?
I sidemenyen til venstre finn du menyvalet Arrangement. Der finn du alle arrangement du arrangerer eller har tilgang til å melde deg på. Framtidige og pågåande arrangement visast som innhaldskort. Om du ser på arrangementsoversikta for ein einskild underorganisasjon kan du òg klikke for å sjå alle arrangement for alle organisasjonane. Du kan òg syne tidlegare arrangement ved å klikke på kjøttbollemenyen til høgre.
Oversikt
I likhet med andre profilsider finner du på venstre side av profilen et kontaktkort med arrangementsbilde, info om arrangør og tidsrom, og påmelding.
Her er det mogleg å melde på deg sjølv, eller melde på nokon andre via ein delegasjon, om du har tilgang til dette.
Etterkvart som folk melder seg på vil du få ein oversikt over dei. For å få meir oversikt over deltakarane må du gå til Deltakar-fana.
Oppsett
Arrangementsoppsettet inneholder grunninfo, val om å åpne/stenge påmelding, arrangementsroller, påmeldingsval og påmeldingskrav. Generelt sett kan ein opprette og redigere alternativ i sidemeny. Meir detaljar om dette finn du i denne hjelpeartikkelen.
Aktiviteter
Om arrangementet går over fleire dagar, kan du sette opp program med ulike spor for dei ulike dagane. Dette er praktisk for arrangement som sommarleir, haustkonferanse o.l.
Våre deltakarar
Dersom arrangementet brukar delegasjonar vil du kunne sjå fana Våre deltakarar dersom du har dei rette tilgangane til det. Der kan du melde på, sjå og endre påmeldingane til deltakarane i delegasjonen din.
Den fyste boksen her, oppsumerer det viktigaste om din delegasjon; kven som er delegasjonsleiar, tal deltakarar frå delegasjonen og om delegasjonen har bestilt produkt. Trykkar du på blyantikonet kan du endre delegasjonsleiar og bestilte produkt. I tillegg har du eit hurtigval til høgre for å melde på deltakarar.
Under denne boksen finn du ei oversikt over kven som er meldt på frå eigen delegasjon. Du kan velje mellom kortvisning og listevisning ved hjelp av ikonet til høgre. Du kan herfrå sjå og endre påmeldinga til deltakarane i din delegasjon og sende e-post og SMS til ein eller fleire deltakarar samstundes. Du kan òg melde på fleire frå eigen delegasjon ved å klikke på Meld på [rolletype]. Rolletypen er noko som er førehandsdefinert av arrangør.
Deltakarar
Under deltakar-fana, finn du liste over deltakarane som er påmeldt arrangementet. Lista fungerer som andre lister i HyperSys, og du har nokre tilval her, som å syne ulike påmeldingsval, informasjon om delegasjon, pris og status for innsjekk.
Økonomi
Dersom fakturering via HyperSys er aktivert for arrangementet vil du ha ulike val for fakturering og liknande på denne sida.
0 Comments