Skip to content Skip to footer

Velkomst ved innmelding

Det er vanleg for organisasjonar å ynskje nye medlemer velkommen i organisasjonen. Dette gjerast av ulike organisasjonar på ulik måte, frå ein e-post til velkomstpakke med informasjon og eventuell nokre effektar som pins og liknande sendt i posten. HyperSys har støtte for å automatisk sende velkomst-epost ved utfylling av innmeldingsskjema.

Velkomst via e-post ved innmelding via innmeldingsskjema

HyperSys kan sende ein e-post til alle som fyller ut innmeldingsskjema. For å aktivere dette, brukast alternativet «Val(g) → Send epost» under rediger innmeldingsskjema.

Aktivering eller deaktivering av e-post ved utfylling av innmeldingsskjema

For å aktivere/deaktivere e-post ved innsending, hukast det av for valet «Send e-post», som vist i skjermbiletet.

Endre mal for e-post

Via menyvalet «Endre mal for kvittering» kan ein setje opp velkomst-epost som blir sendt til alle som fyller ut skjemaet.

Ofte brukte flettefelt

FeltkodeSkildringDøme

{{primary_organisation}}Namnet på hovudorganisasjonen (sentralleddet)Testorganisasjonen
{{organisation}}Namnet på organisasjonen medlemen er plassert i (lokallag)Testorganisasjonen Ålesund
{{bank_account}}Kontonummer kontingenten skal betalast til1234.56.12345
{{amount}}Beløp å betale, i kroner52kr
{{kid}}KID-nummer å bruke for betalinga1200931
{{primary_organisation_email}}E-postadresse til hovudorganisasjonen (sentralleddet)[email protected]
{{first_name}}Førenamn på personen som er meldt innOla

Velkomst-epost definert som del av innmeldingsskjemaet blir ikkje sendt ut om innmelding skjer utanom innmeldingsskjemaet, som til dømes opplasting av rekneark med nye medlemar.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *