Sikkerheit og personvern (innstillinger)
Frå ei sentral side kan ein endre innstillinger for innlogging, sikkerheit og personvern til å passe dykkar organisasjon sine behov. Sida finst under Diverse → Administrasjon.

Vipps Logg inn
Ved å aktivere Vipps Logg inn (eller “Vipps Login”) kan ein person bli logga inn ved å trykke på bekreft på mobilen sin. Dersom to-faktor er aktivert kan De her sette opp om Vipps hjå dykk er rekna som ei trygg innlogging (og telst som to-faktor) eller om ein i tillegg skal spørje om passord dersom to-faktor er kravd for personen. Les meir.
To-faktor-autentisering
Med bruk av to-faktor vil visse personar (t.d. dei som har tilgang til andre sin personalia) ha litt meir tryggleik enn berre passord, til dømes eingongskode frå SMS eller Vipps-autentisering (sjå over).
Medlemsliste-oppsett
Her kan ein sette opp at visse infofelt som t.d. e-postadresse eller fysisk adresse, blir rekna som særleg sensitivt innhald og skal avgrensast til at visse roller får sjå innhaldet.
Brukartryggleik
HyperSys har fleire innebygde sikkerheitfunksjonar, og to kan tilpassast per organisasjon; automatisk låsing av brukarkonto om nokon tastar feil passord fleire gongar på rad, og automatisk utlogging etter ei viss tid utan aktivitet. Sistnemnte må brukarstøtte justere om ynskjeleg.
0 Comments