Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Mi side

“Mi side” er ei mini-versjon av HyperSys meint for at medlemar skal få oversikt over personalia og medlemskap samt gjere det mest vanlege handlinger som å betale kontingent, endre medlemskap, finne informasjon om organisasjonen, endre personalia og meir. Merk at Mi side ikkje er det samme som landingssida/dashbord.

Organisasjonar kan lett tilpasse korleis Mi side er – frå utsjånad til kva blokker og tekst som blir vist når.

Min side

Tilgang til Mi side

Eit medlem kan få tilgang på fleire måtar:

Etter å ha meldt seg inn via ekspressinnmelding eller blir verva via vervemodulen, landar automatisk på Mi side. Mi side er ikkje det same som landingssida.

Logg inn på Mi side ved å gå på https://ORG.hypersys.no/mypage/ (skift ut “org” med dykkar system)

Direkte-lenke utan innlogging er snart tilgjengeleg som flettefelt ved sending av e-post og SMS til medlemar.

Tilpassing av Mi side

Dette er ei Dynamisk side, og ein kan tilpasse alt frå farger til bilete, farger og liknande. Dykk kan òg leggje til og fjerne blokker med ulikt innhald og formål som du kan lese om nedanfor.

Under utvikling – krev ekspressinnmelding p.t.

Under perioden med testversjon er det ikkje direkte-lenka til oppsett, men du kan gå på https://ORG.hypersys.no/page/mypage/config (skift ut ORG med rett HyperSys-side). Dette krev at dykk har Ekspressinnmelding aktivt.

Noko vere på Mi side

Mi side må innehalde informasjon om medlemskap, som er vist i form av eit medlemskort. Dersom sjølvbetent utmelding er aktivert, er det vist ein knapp for å melde seg ut eller endre medlemskapen.

Om du har tilgang i HyperSys, t.d. verv i eit lokallag, får du opp eit ikon for å gå til vanleg HyperSys øvst til høgre.

Tilgjengelege blokker

Blokker i grafisk editor Min side

Ved å klikke på ei blokk får du opp val for å legge til ei ny blokk.

Medlemskap viser medlemskortet ditt. Om sjølvbetent utmelding er aktivt, visast knapp for utmelding og endring av medlemskap.

Tekst sett inn eit tekstfelt du kan fylle med ynskja innhald eller grafikk. Kombinert med variabel synlegheit (sjå under) kan ein tilpasse innhaldet for ulike føremål.

Manglande personalia let deg vise ein varsel og lenke til å redigere relevant personalia som e-post, adresse og liknande om det manglar i HyperSys.

Dynamisk felt kan brukast for å vise spesifikke dynamiske felt og kor medlemmane kan sette eigen verdi/eigne verdiar. Dynamiske felt som blir brukt her, er til dømes “Interesser” eller “Politisk nettverk” e.l.

Om medlemmen har ein AvtaleGiro-avtale, blir avtalen henta fram her. Det kan p.t. ikkje bli brukt for å inngå nye avtalar.

Personalia gir ei oppsummering av personalia. De bestemmer sjølv om medlemmen kan sjå eigen avatar, endre personalia eller sjå at eigen personalia er ugyldig.

Dersom ein kan få skattefrådrag for å donere pengar til organisasjonen dykkar, kan de legge til boksen Donasjon for å hente inn og verifisere fødselsnummer/D-nummer.

Organisasjon viser informasjon om kva organisasjon/lokallag eit medlem er plassert i.

Familie hentar ut informasjon frå Familierpofilen medlemmen. Om det er mogleg å leggje til fleire familiemedlemar utan kostnad (t.d. gratis husstandsmedlemar) får ein val om å gjere dette. I framtida vil ein her kunne leggje til og fjerne betalte medlemar òg.

Styr synlegheit på blokker

Mange blokker kan visast eller skjulast etter gitte kriteriar. Som standard er alltid vist, men klikkar du på tannhjulet ved sida av blokka, kan du huke av glidebrytaren “Alltid vist”, før du kan tilpasse kven blokka skal vere synleg for. Trykk på Lagre og lukk når du er nøgd med endringane dine.

Hugs å trykke på den blå “lagre”-knappen på venstre side av oppsett-sida når du er ferdig med endring.

Inspirasjon og dømer

Rabattkoder for betalte medlemar

Ein del organisasjonar har rabattkoder for betalte medlemar. Legg til ei blokk av type “Tekst” og vel at den er synleg berre for betalte medlemar, så har du ein effektiv måte å vise dette på. Du kan til og med leggje til ei tekstblokk som berre er synleg for ubetalte medlemar, så kan ein oppfordre til å betale medlem for å få rabatt.

Manglar adresse for plassering i lokallag

Over halvparten av organisasjonar som nyttar HyperSys har automatisk plassering av medlemar i lokallag basert på adresse, men av og til er det ugyldig eller manglande adresse. For dette, legg gjerne til ei blokk av type “Manglende personalia” og vel Adresse. Legg inn ein tekst ala “Vi mangler adresse for å plassere deg i rett lokallag!”

Medlemsblad i dynamisk felt

Visse organisasjonar som sender ut medlemsblad har val om dette som eit dynamisk felt. Legg til blokka “Dynamisk felt” og vel rett felt, og så kan medlemen sjølv styre innhaldet her.

Under utvikling – testversjon

Min side er under utvikling og vi kommer til å legge til mer funksjonalitet og andre forbedringer.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *