Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Vervemodulen

Vervemodulen i HyperSys er laga på bestilling frå ein kunde som brukar dette til å aktivt verve medlemmar på gate og dør. Modulen er laga slik at du kan opprette ulike vervelag, med eigne lagleiarar.

Vervemodulen finn du ved å gå til Verving i sidemenyen og deretter Vervekampanjar. Dersom dette ikkje er synleg for deg har du ikkje aktivert modulen. Her kan du lage nye kampanjar ved å klikke på Ny kampanje før du går vidare på opprette vervelag.

Nyttig info om du har Vipps innstallert på eininga du brukar til å verve:

Har du Vipps installert på eininga (telefonen/nettbrettet) du brukar til verving, og på eit tidspunkt har huka av for at nettlesaren din/Vipps skal hugse deg, vil nettlesaren automatisk sende nummeret ditt til Vipps og personen du vervar vil ikkje kunne skrive inn sitt eige nummer. Vi held på å få til ei løysing med Vipps om dette. I mellomtida kan du bruke inkognitomodus i nettlesaren på eininga. Alternativt har nokon brukarar meldt at “hugs meg i Vipps” blir deaktivert ved å trykke på Avbryt under ei Vipps-betaling på den eininga, som då gjer at du kan skrive inn nummeret på den du vervar.

Denne artikkelen vil bli oppdatert med meir informasjon etter kvart.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *