Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Oppsett av kompetanse

Å legge til og redigere kompetansekategoriar og -nivå er tilgjengeleg frå Organisasjonen vår → Kompetanse → Oppsett. Det er berre superbrukarar som har tilgang til dette.

Legge til og redigere kompetansekategori

For å legge til ein kompetansekategori klikkar du på Lag ny kompetansekategori. Deretter skriv du inn namn, eventuell skildring, og kva for nivå som skal vere mogleg å oppnå.

Du kan også stille inn kor synleg denne kompetansen skal vere på profilen og i sidepanel om personen.

Når ein kompetansekategori er i bruk (altså at nokon har den kompetansen) kan du redigere den, men ikkje slette den.

Legge til og redigere kompetansenivå

Du definerer sjølv kva for nivåer som skal vere mogleg å oppnå og kva kompetanser dei gjeld for.

For å lage eit nytt kompetansenivå klikkar du på Lag nytt nivå, og så legg du inn namn, eventuell skildring og om det er formell eller sjølvlært kompetanse.

Når eit kompetansenivå er i bruk (altså at nokon har ein kompetanse i noko på det nivået), kan du redigere nivået, men ikkje slette det.

Legge til kompetanse på ein brukar

For å legge til kompetanse på ein brukar går du til brukarprofilen, som vi har ein eigen hjelpeartikkel for.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *