Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Medlemstal

Medlemstal-berekning er om lag som i ordtaket “det fine med standardar er at det er så mange å velje av”. Ein har behov for ulike tal, og ulike organisasjonar har over tida bedt om berekning på forskjellige måtar. Difor vil HyperSys vise medlemstal ulike basert på kor i systemet du er. Denne sida oppsummerer dei meist vanlege måtane å hente ut medlemstal på.

Med mindre noko anna er spesifisert (som t.d. støttegenererande), vil tala som blir vist vere for medlemar uavhengig av om medlemskap er betalt eller ikkje.

På toppen av medlemslista

På toppen av medlemslista, til høgre for nedtrekkmenyen for år, visast tal på linjer i medlemslista før filtrering startar. Merk at ein person kan vere oppførde fleire gongar i medlemslista dersom personen har fleire medlemskap. Det er altså ei liste over tal på medlemskap, ikkje tal på unike personar som har eitt eller fleire medlemskap. Talet på toppen av medlemslista vil ikkje endre seg etter filtrering.

Hugs at du under systeminnstillinger kan endre om personar som er meldt ut skal visast i medlemslista eller ikkje.

I organisasjonslista

I lista over organisasjonar (nasjonalleddet → Vår organisasjon → Underorganisasjoner) kan kolonnar for medlemstal bli lagt til. I døme under er året i dag 2020 og fjoråret 2019.

Hugs at du under systeminnstillinger kan endre om personar som er markert ikkje kontaktbare skal visast i medlemslista. Dersom det er aktivert at desse ikkje skal visast, vil det kunne oppstå differanse i tal frå medlemslista og kolonne for medlemstal i organisasjonslista.

Alle medlemmer i 2020 (i år)

Denne viser alle medlemer som ville blitt vist i medlemslista inne på kvar organisasjon. Dersom personar som er meldt ut blir vist i medlemslista, vil dei bli med i talet her.

Denne kolonna tek med direktemedlemar i organisasjonen pluss medlemar i organisasjonar som ligg under denne. Med andre ord, dersom Møre og Romsdal fylkeslag og Ålesund lokallag begge blir vist på skjermen, er medlemstala til Ålesund del av tala til Møre og Romsdal. Vi anbefalar difor å bruke filter “Organisasjonstype” og setje denne til fylkeslag dersom det er intensjonen.

Medlemmer under 26 år i 2020/2019 (i år/i fjor)

Denne viser alle medlemer som er under 26 år per 31. desember i det året filteret angir – anten inneverande år eller fjoråret. Då tal frå denne kolonna oftast blir brukt til støtteordningrapportering vil denne lista berre ta med direktemedlemer. Med andre ord, dersom det er direktemedlemer i fylkeslag og lokallag vil det for fylkeslaga berre vere dei som er medlem i fylkeslaget, ikkje medlemar i underorganisasjonar.

Medlemar som ikkje har fødselsdato registrert vil ikkje bli med i denne visninga.

Berre direktemedlemer, ikkje medlemer i underorganisasjonar, vil bli med i denne visninga.

Medlemmer over 25 år i 2020/2019 (i år/i fjor)

Denne viser alle medlemer som er 26 år eller eldre per 31. desember i det året filteret angir – anten inneverande år eller fjoråret. Då tal frå denne kolonna oftast blir brukt til støtteordningrapportering vil denne lista berre ta med direktemedlemer. Med andre ord, dersom det er direktemedlemer i fylkeslag og lokallag vil det for fylkeslaga berre vere dei som er medlem i fylkeslaget, ikkje medlemar i underorganisasjonar.

Medlemar som ikkje har fødselsdato registrert vil ikkje bli med i denne visninga.

Berre direktemedlemer, ikkje medlemer i underorganisasjonar, vil bli med i denne visninga.

Støttegenererande

I tilfelle kor begrep «støttegenererande» blir brukt, er det referert til reglane til Fordelingsutvalet. Denne utrekninga vil og vere gyldig for Frifond, Oslo kommune og mange andre støtteordningar. Utrekninga tek då høgde for mange faktorar som blant anna betalingsdato (ikkje for tidleg og ikkje for seint), betalt sum, om kontingenttypen gjev medlemsrettar (ikkje støttemedlemskap) og meir.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *