Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Vipps Login

Trykk på Vipps Login-knappen i HyperSys, godkjenn innlogging på mobilen og du er logga inn – enkel måte å logge inn på, og kan fungere som tofaktor.

Korleis det funkar

Slik finn HyperSys rett person

Om aktivert, dukkar opp “Logg inn med Vipps” på framsida. Om du har brukt Vipps Login på den maskina/mobilen før og det er lagra i nettlesaren går du med ein gong vidare og kan godkjenne innlogginga med Vipps-appen. Om du ikkje har gjort dette før, vil du få spørsmål om mobilnummer og så kva for ein informasjon du vil dele.

HyperSys får personalia frå Vipps, og samanliknar dette med alle brukarar i HyperSys. Fødselsdato må vere identisk og namnet tilnærma identisk (eit mellomnamn eller liten skrivefeil går fint), pluss naturlegvis mobilnummer.

To-faktor eller ikkje

Dersom to-faktor er aktivert (som vi tilrår for alle som har tilgang til andre sin personalia) og Vipps Login er aktivert, kan dykk sette opp om Vipps skal rekna som dekkande for to-faktor, eller om personen skal bli spurt om passord. Uansett kva ein veljer, så er Vipps-innlopgging billigare enn SMS-kode for innlogging.

Aktivering og oppsett

For å aktivere eller endre på oppsettet, gå på Diverse Administrasjon i sidemenyen. Her kan ein sette opp andre ting enn Vipps-innlogging òg, som t.d. automatisk utesteinging av brukarar ved feiltasting av passord med meir.

Kostnad

Vipps tek betalt for innloggingar. I skrivande stund er dette 20 øre per innlogging, men vi ser på det å få redusert kostnaden.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *