Vipps Login
Trykk på Vipps Login-knappen i HyperSys, godkjenn innlogging på mobilen og du er logga inn – enkel måte å logge inn på, og kan fungere som tofaktor.

Korleis det funkar
Slik finn HyperSys rett person
Om aktivert, dukkar opp “Logg inn med Vipps” på framsida. Om du har brukt Vipps Login på den maskina/mobilen før og det er lagra i nettlesaren går du med ein gong vidare og kan godkjenne innlogginga med Vipps-appen. Om du ikkje har gjort dette før, vil du få spørsmål om mobilnummer og så kva for ein informasjon du vil dele.
HyperSys får personalia frå Vipps, og samanliknar dette med alle brukarar i HyperSys. Fødselsdato må vere identisk og namnet tilnærma identisk (eit mellomnamn eller liten skrivefeil går fint), pluss naturlegvis mobilnummer.
To-faktor eller ikkje
Dersom to-faktor er aktivert (som vi tilrår for alle som har tilgang til andre sin personalia) og Vipps Login er aktivert, kan dykk sette opp om Vipps skal rekna som dekkande for to-faktor, eller om personen skal bli spurt om passord. Uansett kva ein veljer, så er Vipps-innlopgging billigare enn SMS-kode for innlogging.
Aktivering og oppsett
For å aktivere eller endre på oppsettet, gå på Diverse → Administrasjon i sidemenyen. Her kan ein sette opp andre ting enn Vipps-innlogging òg, som t.d. automatisk utesteinging av brukarar ved feiltasting av passord med meir.
Kostnad
Vipps tek betalt for innloggingar. I skrivande stund er dette 20 øre per innlogging, men vi ser på det å få redusert kostnaden.
0 Comments