Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

KID-oppsett

KID-nummer blir brukt på faktura og bankoverføring for å automatisk kjenne att kven som har gjort ei betaling, og kva betalinga gjeld for. Det er mogleg å sette opp KID-nummer på fleire måtar i HyperSys, til dømes med og uten heile fakturanummer, men vi går her gjennom eit anbefalt oppsett for medlemskap.

Kort oppsummering: Bruk helst medlemsnummer pluss fire tal og eit kontrollsiffer, alltid minst ni siffer.

Sjekk kva det lengste medlemsnummeret dykk har er, og bruk dette. Legg på fem siffer og du har anbefalt KID-lengde. Du bør alltid ha minst ni siffer (ta høgde for minst 9999 medlemar).

Lange eller korte KID-nummer?

Det er fordeler og ulemper med begge to. Ved å ha eit langt KID-nummer som inneheld heile medlemsnummeret, betalingstype og heile fakturanummeret vil det ikkje vere tvil om kva betalinga gjeld for, og det aller meste av betalingar vil bli registrert automagisk. Dog er det viktig å hugse at personar ikkje er glad i lange KID-nummer, så vi tek her til orde for ein mellomting; medlemsnummer med fire siffer som hjelp HyperSys å vite kva betalinga gjeld.

Oppbygging av eit KID-nummer

KID-nummeret består av fleire komponentar, som til saman blir eit KID-nummer. Det må alltid vere eit kontrollsiffer på slutten, men resten er opp til dykk å velgje. HyperSys kan ha berre medlemsnummer for å ha korte KID-nummer, men det er anbefalt meir.

Medlemsnummer

Ta her høgde for lengste sannsynlege. Dersom høgste medlemstal no er fire siffer, vurdèr å bruke fem siffer for medlemsnummer – HyperSys vil automatisk leggje til nullar foran slik at det blir langt nok. Ta uansett alltid høgde for minst fire siffer til medlemsnummer!

Betalingstype: to siffer

Ta med to siffer for betalingstype. Du har då høgde for kontingent, donasjonar og andre typar betalingar som kan vere aktuelt i framtida.

Løpenummer: to siffer

Det er anbefalt å ha to siffer til løpenummer. Første faktura eit medlem får, har løpenumme 1 og neste 2, 3 osv. Dette gjer at HyperSys kan skille mellom betaling for kontingent i innverande år og fjoråret ved betaling kring nyttår, t.d.

Kontrollsiffer: eitt siffer, alltid

Dette alltid vere med.

Modulus 10

Du kjem til å bli spurt av banken din om du skal ha modulus 10 eller 11. Du skal velje modulus 10.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *