Skip to content Skip to footer

Vipps på Nett

Med Vipps på Nett aktivt kan organisasjonen ta imot betalingar på kontingent direkte ved innmelding, utan manuelt arbeid. Unicornis er integrasjonspartnar, og sørgjer for at alt blir automagisk registrert i medlemslista. Vipps på Nett blir òg av nokon kalla «Vipps eCom».

Nye medlemar vil kunne betale med Vipps

Etter aktivering av Vipps på Nett vil HyperSys spørre alle nye medlemar korleis dei vil betale – til dømes bankoverføring eller Vipps. Dersom dei veljar å betale med Vipps, vil Vipps-appen på mobilen deira vakne og dei kan gjennomføre betaling. Etter at betaling er gjort, vil HyperSys får beskjed frå Vipps om at betalinga er gjort. Medlemskapen vil då automagisk bli merka som betalt i medlemslista.

Tenesta er gebyrbelagt

Sidan innbetaling skjer som Vipps-betaling, er det normalt sett 2,5% gebyr frå Vipps for å ta imot denne betalinga. Unicornis’ kundar har dog fått redusert gebyret til 1,5-1,75% avhengig av type organisasjon dei er.

Slik kjem du igang med Vipps på Nett

1. Fyll ut registreringsskjema hjå Vipps

Alle som skal ta i bruk Vipps på Nett må på eigen hand fylle ut skjemaet for å registrere seg. Ting å merke seg:

  • Vel «Integrasjon via leverandør» og finn Unicornis på lista.
  • «Navn på salgssted» er organisasjonen din sitt namn som dykk er kjend med (nokre organisasjonar har eit lengre/meir innfløkt juridisk namn enn det dei er kjend som).
  • Vi anbefaler å ha eigen bankkonto for desse betalingane, for å lettare kunne gjere avstemming.
  • Forventa årleg omsetning kan vere vanskeleg å berekne, men vi anbefaler å basere på 80% av kontingentinntekta frå innmelding eit vanleg år.
  • Kort beskrivelse kan godt vere «Innmelding og betaling av kontingent for medlemskap i frivillig organisasjon».
  • Vi skal ha vipps i kassa i fysisk butikk = Nei.
  • «Nettsted» er adresse til innmeldingssida.
    • Døme 1: Nettside som brukar iframe, med info om medlemskapen på nettsida https://org1.no/bli-medlem/
    • Døme 2: Nettside som brukar iframe, med info om medlemskapen på eiga side https://org1.no/bli-medlem-3/
  • «URL til dine vilkår» er direkte-adresse til ei side som skildrer vilkåra for medlemskap. Dette kan til dømes vere likt som innmeldingssida dersom dykk har vilkåra i botnen der, eller ei eiga side dersom det frå innmeldingssida er lenka til vilkår. Sjå døme 2 ovanfor.
  • «Hva selger dere mest av» = Donasjon og veldedighet.
  • «Selger dere gavekort» = Nei.
  • Tilbyr dere abonnementsløsninger = Nei.

2. Vent på tilbakemelding frå Vipps

Vipps går gjennom nettsida du har fylt ut i skjemaet, og vil vurdere om det gjev tydeleg informasjon for personar som vil bli medlem. Til dømes, dersom du ikkje har gitt informasjon om korleis utmelding eller fornying vil skje, vil sannsynlegvis søknaden dykkar bli avvist av Vipps.

3. Vipps seier ifrå til Unicornis om at ting er klart

Når Vipps har godkjent dykk, vil Unicornis bli varsla. Vi må då gjere nokre interne testar og dokumentere oppsettet før vi kan aktivere Vipps-betaling for innmelding. Vi seier ifrå når alt er i orden.

Krav om vilkår på nettsida

Vipps har krav om at det tydeleg skal komme fram på nettsida kva det er ein binder seg til, og korleis medlemskapen kjem til å bli forvalta. Blant tinga dei kjem til å sjå etter er, om medlemen vil forstå:

  • At dei blir medlem av ein organisasjon, og at «rettane» kjem som følgje av vedtektene.
  • At det ikkje er nokon angrerett eller rett på pengane tilbake.
  • At dei kjem til å bli fornya til eit nytt år kor dei kan velje å betale eller ikkje.
  • Korleis dei kan melde at dei ikkje ynskjer å vere medlem lengre.
  • Organisasjonsnummeret og formelt namn (dette kan godt vere på botnen av nettsida dykkar eller liknande).

Dykk utformar dette som ynskjeleg, til dømes som tekst på botnen av innmeldingsskjemaet eller på ei eiga nettside som er lenka til frå sida der innmeldingsskjemaet er. Det viktigste er at alle som går til innmeldingsskjemaet lett kan få med seg informasjonen.

Dømer på innmeldingsskjema og infosider

Døme på standard-tekst

Teksten under er utforma av Unicornis som ein generisk info-tekst til innmelding. Skift gjerne ut delar eller heile med noko som passar din organisasjon.

INFO OM MEDLEMSKAP OG BETALING
Ved utfylling av innmeldingsskjemaet på nettsida vår vil det
bli oppretta et medlemskap på deg, og du vil få opp ulike
alternativer å betale på - for eksempel bankbetaling via
nettbanken din, Vipps på nett og lignende.

Medlemskap i vår organisasjon er per kalenderår. Medlemskapet
ditt vil gjelde for et kalenderår, med mindre annet er
beskrevet på neste side (f.eks. kampanjemedlemskap på
slutten av året med to-årig medlemskap).

I det du har betalt kontingenten din, er du å regne som
aktiv medlem i organisasjonen, og har medlemsrettigheter
i tråd med vedtektene våre. Du kan når som helst melde
deg ut, men har ikke rett på tilbakebetaling av kontingent
som du har betalt.

Hvert år fornyes medlemmer til neste år, og
betalingsinformasjon sendes ut. Med mindre du velger å
inngå auto-trekk-avtale med AvtaleGiro, vil du ikke bli
trukket noe som helst automatisk for neste medlemsår -
du må selv aktivt velge å betale kontingenten din dersom
du fortsatt ønsker å være medlem.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *