Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Velkomst ved innmelding

Det er vanleg for organisasjonar å ynskje nye medlemer velkommen i organisasjonen. Dette gjerast av ulike organisasjonar på ulik måte, frå ein e-post til velkomstpakke med informasjon og eventuell nokre effektar som pins og liknande sendt i posten. HyperSys har støtte for å automatisk sende velkomst-epost ved utfylling av innmeldingsskjema.

Velkomst via e-post ved innmelding via innmeldingsskjema

Velkomst-epost definert som del av innmeldingsskjemaet blir ikkje sendt ut om innmelding skjer utanom innmeldingsskjemaet, som til dømes opplasting av rekneark med nye medlemar.

HyperSys kan sende ein e-post til alle som fyller ut innmeldingsskjema. For å aktivere dette, brukast alternativet “Val(g) → Send epost” via menyval; rediger innmeldingsskjema.

Aktivering eller deaktivering av e-post ved utfylling av innmeldingsskjema

For å aktivere/deaktivere e-post ved innsending, hukast det av for valet “Send e-post”, som vist i skjermbiletet.

Endre mal for e-post

Via menyvalet “Endre mal for kvittering” kan ein setje opp velkomst-epost som blir sendt til alle som fyller ut skjemaet.

Ofte brukte flettefelt

FeltkodeSkildringDøme
{{primary_organisation}}Namnet på hovudorganisasjonen (sentralleddet)Testorganisasjonen
{{organisation}}Namnet på organisasjonen medlemen er plassert i (lokallag)Testorganisasjonen Ålesund
{{bank_account}}Kontonummer kontingenten skal betalast til1234.56.12345
{{amount}}Beløp å betale, i kroner52kr
{{kid}}KID-nummer å bruke for betalinga1200931
{{primary_organisation_email}}E-postadresse til hovudorganisasjonen (sentralleddet)[email protected]
{{first_name}}Førenamn på personen som er meldt innOla

Dersom Vipps på Nett er aktivt

Når Vipps på Nett er aktivt vil velkomst-e-post bli sendt ut først 15 minutt etter innmelding. Innhaldet i e-posten vil òg endre seg avhengig av om personen som er meldt inn i mellomtida har betalt eller ikkje.

Dersom medlemskapen er betalt i løpet av 15 minutt

E-posten vil ikkje ha med PDF-vedlegg av faktura. Det blir lagt til tekst i botnen av e-posten om at medlemskapen er betalt.

Dersom medlemskapen ikkje er betalt etter 15 minutt

E-posten har med PDF-vedlegg av faktura. I botnen av e-posten blir det lagt til informasjon om faktura, og knappar vidare til ulike betalingsval som Vipps og bank.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *