Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Dynamisk side

Dynamiske sider i HyperSys er sider de kan tilpasse og konfigurere sjølv. Ekspressinnmelding og Mi side er døme på dynamiske sider. Dømet under er henta frå konfigurering av Mi side. Standard for dynamiske sider er at dei kan kan bli tilpassa med fargar, logo og bakgrunnsbilete til organisasjonen dykkar.

Felles for dynamiske sider er at på venstre side finn du innstillingar for topplinje og bakgrunn. Til høgre finn du ei førehandsvisning og du kan sjå korleis det ser ut på PC-skjerm, nettbrett og mobil.

Menyane Topplinje og Bakgrunn kan du utvide og kollapse for å tilpasse dynamisk side. Du finn dette på kvar dynamisk side slik at du kan bruke forskjellege bakgrunner for Mi side, ulike kampanjar med meir.

Blokkredigering

Nokre dynamiske sider, som Mi side, tilbyr blokkredigering, altså at du kan legge til og fjerne blokkar, samt styre kven dei skal vere synlege for. Du kan legge til ei blokk ved å trykke på “Legg til blokk”, fjerne dei ved å klikke på søppelbøtteknappen, eller endre rekkefølgen ved å dra i dei eller trykke på pilene til høgre. Mange av blokkene kan tilpassast med eigen tekst.

Hugs å klikke på lagre når du har gjort endringar på dynamiske sider.

Redigering av dynamiske sider

Det er ulike vegar til redigering av dynamiske sider. Til dømes kjem du til redigering av ekspressinnmelding via Kontingent og Oppsett → Innmelding, for Mi side kan du klikke på Diverse → Mi side-oppsett, og for kampanjar frå Oppsett-fana.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *