Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Innkomande SMS

Innkomande SMS er sentralt i mange medlemsretta organisasjonar som brukar HyperSys. På denne sida blir det gått gjennom korleis innkomande SMS fungerar, tenester som er tilgjengeleg og meir knytta til dette.

Før HyperSys kan motta innkomande SMSar må det settast opp eit inngåande SMS-kodeord. Les meir om dette på infosida for SMS-konfigurasjon. Merk at i motsetning til utgåande SMS er det ikkje kostnad knytta til å motta SMSar.

SMS-dialogsenteret

Alle innkomande SMSar vil, med mindre dei er rekna som sensitive, bli lista opp som del av dialogar/samtalar i SMS-dialogsenteret. Her er det og mogleg å svare på SMSar og ha generell kontakt med medlemar via SMS. Les meir om dette på siden vår om SMS-dialog.

SMS-tenester tilgjengeleg

Basert på oppsettet gjort, er ulike tenester knytta til SMS tilgjengeleg i HyperSys. Mange av desse tenestene gjer det mogleg å innføyre sjølvbetening. Med rett strategi kan dette vere ein vesentleg fordel for medlemar, og bidra til betre datakvalitet i systemet.

  • SMS-innmelding og betaling av kontingent: Innmelding via SMS kan brukast av både nye personar og personar som tidlegare har vore medlem. Betaling via SMS kan brukes av alle som har ein uteståande kontigent. Les meir.
  • Oppdatere personalia via SMS: Oppdatering av personalia som fødselsdato, postadresse og e-postadresse kan bli gjort via SMS. Les meir.
  • Sjekke status på medlemskap via SMS: HyperSys let brukarar få status på medlemskap via SMS. Les meir.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *