Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Utgåande SMS

Før det kan sendast SMS frå HyperSys må det settast opp eit utgåande SMS-kodeord. Dette er gratis og inkludert i prisen for HyperSys. Dersom dykk ikkje har fått aktivert utgåande SMS, ta kontakt med brukarstøtte. Merk at kodeord bør vere på minimum tre teikn og helst ikkje innehalde særnorske bokstavar (Æ, Ø og Å) eller spesialteikn som punktum, bindestrek og liknande. Apple-einingar (t.d. iPhone) vil tolke avsendarar på to bokstavar som søppel og ikkje vise meldinga.

Alle kundar kan sende ut SMS frå HyperSys, etter at det er satt opp eit utgåande SMS-kodeord. Det utgåande SMS-kodeordet kostar ikkje pengar i oppsett eller abonnement, men det er ikkje mogleg å sende svar på melding sendt via det med mindre det og aktiverast inngåande SMS (sjå under). Utsending av SMS støttast frå mange plassar i HyperSys, blant anna medlemsprofil og i medlemslista.
Merk at utgåande SMS kostar pengar. Ein SMS er begrensa til 160 teikn, men dersom det blir skrive SMSar som er lengre enn 160 teikn vil 7 teikn brukast for å kjede neste SMS. Med andre ord kan ein skrive ei tekstmelding på 160 teikn og bli fakturert for ein enkelt SMS, medan 161 teikn vil bli to tekstmeldinger. Ei tekstmelding på 320 teikn (160 gongar to) reknast som tre SMSar då det bruakst 7 teikn av ein SMS for å kople neste SMS saman slik at det ser ut som ei lang melding hjå mottakar. Sjå prisplanen for oversikt over kostnadar, eller i Tenestkostnadar.

Måtar for SMS-utsending

Sende SMS frå medlemsprofilen

Frå profilen til ein aktør/eit medlem kan det sendast SMS ved å trykke på personen sitt telefonnummer, og velgje å sende SMS.

Sende SMS til enkeltpersonar frå medlemslista

Frå medlemslista kan det sendast SMS til ein enkelt person ved å trykke på ikonet for mobiltelefon ved namnet til personen. Dersom dette ikonet er gråa ut, er det ikkje registrert gyldig nummer på personen, og SMS kan ikkje sendast.

Sende SMS til fleire frå medlemslista

Frå medlemslista kan det sendast SMS ved å huke av på ein eller fleire personar og så velgje å sende SMS.

Dialogboksa for SMS-sending

Når ein sender SMS til enkeltperson eller til fleire vil det bli vist ei dialogboks for SMS-utsending.

Mottakarliste

På toppen av dialogboksa visast antal mottakarar. Dersom det sendast SMS til fleire personar kan ein sjå liste over mottakarane.

Det er nå også mulig å velge mottakere basert på forhåndsoppsatte lister, her representert ved alle medlemskap og betalte medlemmer.

Avsendar

Avsendar av SMSen visast over tekstfeltet. Les meir om SMS-konfigurasjon. Du kan velje avsendar her, enten kodeord eller kortnummeret meldingen sendes frå.

Kopi av melding

Ved avhuking sendast kopi av melding på dei metodane som er ynskja; e-post og/eller tekstmelding til personen som er innlogga.

Forhåndsvisning av SMS

Når dere skal sende ut SMS til medlemmene deres er det nå mulig å få se en forhåndsvisning av meldingen før dere sender den ut. Det er verdt å merke seg at man kan velge hvem som skal stå som avsender av SMSen. Når dere sender ut sms med flettefelt, får dere nå muligheten til å se en forhåndsvisning av SMSen. Her har dere også muligheten til å bla igjennom alle meldingene som skal sendes ut. Det kan være fornuftig å ta en rask kontroll for å sjekke om flettefeltet ser korrekt ut på et par meldinger.

Tekstvinduet hvor du kan skrive meldingen og legge til flettefelt.
Forhåndsvisning av meldingen.

Systemet vil ikkje sende SMS til ein person som har status ikkje kontaktbar eller kor feltet mobiltelefonnummer er markert ugyldig.

Lengde på SMSar

Ein SMS har en fast begrensning på antall teikn. Om meldinga blir for lang blir den delt opp i fleire separate meldingar, men dei er kobla saman og visast som éin melding hjå mottakaren. Det er slik SMS fungerar når ein sendar frå ein mobiltelefon også, og du har kanskje sett ein tellar som visar kor mange meldingar SMSen reknast som mens du skriv.

Vanlege SMSar er begrensa til 160 teikn per melding (eller 153 for kvar melding melding om den er meir enn 160 teikn), men desse SMSane støttar kun ein begrensa mengde forskjellige teikn. ÆØÅ er blant teikna som er støtta av vanleg SMS, men samiske teikn er ikkje det.

Utvida SMSar støttar stort sett alle mogelege teikn, mellom anna samiske særteikn som ŋ, eller emojiar som 📱. Når ein nyttar slike teikn så er ein enkelt SMS begrensa til 70 teikn, eller 63 teikn for kvar melding om SMSen må delast opp i fleire meldingar.

Ein advarsel vil visast i dialogboksa for SMS-sending om meldinga inneheld teikn som begrensar lengden.

Om du er over snittet teknisk interessert kan du lese meir om spesialteikn i SMS på Wikipedia.

SMS-tilgang

Tilgang for å sende vurderast ut frå rolla ein person har. Dersom personen som er innlogga har ei rolle (t.d. eit verv) med tilgangen «Kan sende SMS», vil personen kunde sende SMS. Det er ikkje mogleg å styre tilgang til å sende SMS basert på organisasjon, berre roller.

 

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *