Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Tellande og støtteberetta medlemar

HyperSys har innebygd filter «tellende» og «støtteberettiget», som gjer ulike sjekkar for å finne om eit medlem eller eit sett medlemar kan (på generelt basis) reknast som tellande i nasjonale stønadar for borne- og ungdomsorganisasjonar. Det er fleire kriterier som må stemme for at ein person reknast som støtteberetta/tellande.

Er under 26 år
Personen må vere under 26 år per 31. desember grunnlagsåret. Til dømes, i 2020 må ein medlem vere fødd i 1995 eller seinare.

Har betalt minst 50kr
Det må ha vore betalt minst 50kr i kontingent for personen. Dersom personen er del av familiefaktura, må det vere betalt minst 100kr for familien.

Har betalt kontingent på rett tid
Normalt sett må kontingent vere betalt i likt år som medlemskapen gjeld for, men det er opningar for førehandbetaling.

Har betalt kontingenten sjølv
Medlemen må ha betalt kontingenten sjølv dersom dei er over 18 år gamal.

Medlemskapstypen er stønadberetta
Under oppsett av kontingent er det val for om medlemar skal reknast som støtteberetta eller ikkje. Dersom dette valet er satt til “nei”, vil ingen medlemar som har denne kontingenttypen vere rekna som støtteberetta. Merk at dette normalt sett berre brukast i politisk-retta organisasjonar kor ein har støttemedlemar utan demokratiske rettar – og på grunn av det ikkje kan reknast som støtteberetta sidan medlemar må ha demokratiske rettar.

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *