Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Vipps-betalinger

Vipps er eit firma som leverer fleire ulike betalingsalternativ, som for sluttbrukar berre oppfattast som “Vipps”, men eigentleg oppfører seg på veldig ulike måter.

Vipps-nummer (“klassisk Vipps”)

Denne tenesta er det mange tenker på som “Vipps”, og består av å kunne sende pengar til ein person ved å skrive inn telefonnummeret til personen, eller til ein organiassjon sitt Vipps-nummer. Betalar brukar Vipps-appen og kan skrive inn beløp og melding. Organisasjonen betalar eit gebyr for kvar betaling dei mottek via Vipps-nummer. Les meir

eFaktura i Vipps-appen

eFaktura er ein måte å sende ut faktura på, og ikkje betalingsmåte. eFaktura 2.0 har i løpet av 2023 erstatta Vipps eFaktura og er ikkje eit Vipps-produkt lenger. Det er likevel nemnt her, sidan eFaktura 2.0 fortsatt ender opp i Vipps-appen til mottakar, i tillegg til nettbanken deira. Når betalinga er gjennomført handsamast han som andre bankbetalingar med KID og dermed automatisk. Les meir

Vipps på Nett

Vipps på Nett er sentral betalingsteneste i HyperSys som er fullautomatisert. Når aktivert vil nye medlemar få opp Vipps-betaling som eit alternativ, og betalar der og då med Vipps-appen. Betaling blir òg registrert automagisk i medlemsregisteret, og det er ikkje behov for å knytte opp betalingar manuelt. Les meir

0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *