Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

OCR

OCR betyr teikngjenkjenning, men i HyperSys og økonomisystem generelt blir det brukt for OCR-filer som sendast til/frå MPS (tidl. Nets) med informasjon om betalignar gjort elle som skal bli gjort med bankoverføring.

OCR-filene inneheld informasjon om økonomiske transaksjonar på bankkonto og kan vere ein av fleire:

  • Rapport over innbetalingar til dykkar konto med KID
  • Ynskje om trekk frå andre sin konto til dykkar konto (AvtaleGiro)
  • Ynskje om utbetaling frå dykkar konto til andre sin konto (Direkte remittering)

HyperSys kan lage (generere) filer og sende til MPS, og ta imot (lese inn) OCR-filer laga av MPS.

Automatisk nedlasting og analyse av OCR-filer

HyperSys lastar dagleg ned OCR-filer frå MPS (tidl. Nets). Etter nedlasting køyrer HyperSys analyse av fila og forsøker å kople kvar betaling til ein medlem og deretter ein betalbar faktura. Det er denne mekanismen som gjer at fakturaer og medlemskap automatisk kan bli betalt i HyperSys. For meir informasjon om korleis HyperSys handterer betalingar, kan du lese her.

Alle betalingar som har kome inn i systemet dykkar er å finne under Økonomi -> Betalinger. Nokon betalingar klarer ikkje HyperSys å kople til riktig person eller faktura (til dømes av di medlemmen har skrive feil KID). Desse betalingane må handterast manuelt.

For at automatisk nedlasting skal skje, må de informere Nets om at dette skal hentast via kryptert filoverføring, ikkje via nettbank. Dette betyr at Unicornis sin kundeenhets-ID må vere datamottakar for dette.

Bestille OCR på bankkonto

Dersom dykk ikkje har OCR-avtale på bankkontoen dykkar og de ynskjer automatisk registrering av betaling, må dette bli bestilt før KID kan brukast i HyperSys. Ulike bankar gjer dette på ulike måtar. Ofte er det lurt å snakke med din rådgjevar i banken først, men vi har skrive litt om ulike bankar under.

0. Eigen bankkonto?

Normalt sett vil du opprette ein eigen bankkonto for kontingentbetalingar, og ha OCR-avtalen inn der. Då er det enklare å avstemme i rekneskapen med bilaga som du kan hente i HyperSys.

Merk at de ikkje kan bruke same konto for betalingar i HyperSys, som de brukar til dømevis rekneskapssystem. Då vil båe system bli forvirra over kva betalingane er for noko.

1. Les først om KID-oppsett

Vi har skrive ein del om KID-oppsett på ei eige side. Kort oppsummert; du vil ha medlemsnummer + 5 siffer i modulus 10, minst 9 siffer.

2. Send inn bestilling

Fyll ut skjemaet til banken din. Under ser du skjermbilete av DnB sin prosess.

Ting å hugse:

  • Tillat betaling utan KID / Avvising av betalingar utan KID (felt 8.1 i standard Nets-avtale): Vi tilrår å avvise betalingar utan KID. Dette gjer at personar som skal leggje inn betaling i nettbank får feilmelding dersom dei skriv melding og ikkje KID-nummer. Skriv dei melding og det går gjennom, må dykk manuelt leggje inn betalinga.
  • Kundeenhets-ID (felt 10 i standard Nets-avtale): 00141625
  • Periodisering / kor ofte dykk skal ha OCR-filer (felt 11.2 og 11.3 i standard Nets-avtale): Vi tilrår “sluttoppgjør”, dagleg.
  • E-post distribusjon (felt 12 i standard Nets-avtale): drift [alfakrøll] unicornis [punktum] no
  • E-post for kvittering når tjenesten er aktivert: drift [alfakrøll] unicornis [punktum] no
  • Kontaktpersoner (felt 15 i standard Nets-avtale): Huk av for “Program fra programleverandør”.
    • Programvare: HyperSys, levert av Unicornis (Nets-partner)
    • Kontakt hos programvareleverandør: Teknisk driftsgruppe, telefon 22 99 37 40 / e-post drift [alfakrøll] unicornis [punktum] no

3. Kontakt brukarstøtte

Når avtalen er registrert, kontakt brukarstøtte i Unicornis. Vi hjelp deg vidare med å sette opp kontoen i HyperSys, sjekker at alt ser fornuftig ut, og eventuelt oppsett av automatisk bankfilutveksling.

Døme på OCR-bestillingsskjema frå DnB

Bestilling av OCR-avtale hjå DnB, steg 1
Bestilling av OCR-avtale hjå DnB, steg 2
0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *